Hestane Skyrace
  • Heim
  • Løypa
  • Program
  • Utstyr & reglar
  • Praktisk
Hestane Skyrace logo
11. juli 2026 · Sunnfjord

Hestane Skyrace 2026

På tur over det devonske fjellbeltet
🏔️ Storehesten & Lisjehesten 📍 Langeland skisenter, Bygstad 🏃 32 & 26 km
Meld deg på

Velkomen til aller første utgåva av Hestane Skyrace! Her får du springe over dei spektakulære toppane Storehesten og Lisjehesten i Bygstad. Vi lagar i stand ein løpsfest og ein aktiv dag for heile familien, med løp for alle som vil bli med.

Denne nettsida er deltakarguiden din. Her finn du alt du treng å vite før, under og etter løpet. Bruk menyen øvst, eller hopp rett til løypa, programmet, utstyr & reglar eller praktisk info.

32
km Storerunda
~1800
høgdemeter
26
km Lisjerunda
09:00
start

To rundar — vel din

Storerunda

Storerunda

32 kmdistanse
~1800 mstigning

Over begge toppane — Storehesten og Lisjehesten. Det fulle skyrace-eventyret med teknisk klatring, eksponert egg og storslått panorama. Sjå løypa →

Lisjerunda

Lisjerunda

26 kmdistanse
~1200 mstigning

Kun over Lisjehesten. Eit godt val for deg som ønskjer ei kortare, men framleis krevjande, fjellrunde i mektig natur. Sjå løypa →

I korte trekk

Det viktigaste på éin plass

  • 📆 Laurdag 11. juli 2026, start kl. 09:00 frå Langeland skisenter
  • 🏔️ Storerunda 32 km (~1800 hm) eller Lisjerunda 26 km (~1200 hm)
  • 🎒 Hugs obligatorisk utstyr — mobil, 1 L drikke, nødrasjon, vindjakke (sjå lista)
  • ⚠️ Cutoff Skaraly kl. 15:30, siste målgang kl. 19:00
  • 🅿️ Parkering på Langeland — kr 90 for dagen
  • 🍖 Mat i mål 12:30–17:00, afterrun på Tønna kl. 20:00
  • 📞 Arrangør: Lars 948 27 438 / Torstein 416 53 315

Kvifor delta?

  • 💪 Ei meistringsoppleving for alle — både for dei som vil konkurrere og dei som har som mål å fullføre.
  • 🌄 Spektakulær natur over det devonske fjellbeltet, no også med UNESCO-status.
  • 👨‍👩‍👧‍👦 Aktivitetar for heile familien — barne- og ungdomsløp, mat og afterrun.
Arrangørane Lars og Torstein på fjelltur
Arrangørane Lars og Torstein.

Om arrangørane

Vi som arrangerer er to lokale sunnfjordingar frå Bygstad — Lars Øvrebø og Torstein Bolstad Blikra. Vi har vakse opp med fjella og skiløypene i bygda, og ønskjer no å gi fleire høve til å oppleve gleda ved å springe i Sunnfjords mektige natur. Saman med oss har vi idrettslaget Gaular IL i ryggen.

NoteKlar for start?

Påmelding skjer via Racedays. Følg oss på Instagram @hestaneskyrace for siste oppdateringar om løypetrasé og praktiske detaljar.

📸 Bilete frå løpet

📷

Alle bileta frå Hestane Skyrace 2026 ligg her

Last ned, del og bruk fritt — vi håpar de likte dagen like godt som vi gjorde!

Sjå alle bileta →

Våre sponsorar

Fjordane Caravan LettSauna
SpareBank 1 Sogn og Fjordane Tønna Blikra, Slotterøy og Fonn Advokatfirma Stranda Ventilasjon Rekneskap Fjordane

© 2026 Hestane Skyrace · Bygstad, Sunnfjord

Arrangert av Lars Øvrebø & Torstein Bolstad Blikra, med Gaular IL