Hestane Skyrace
  • Heim
  • Løypa
  • Program
  • Utstyr & reglar
  • Praktisk

På denne sida

  • Løypa
  • Traséen i hovudtrekk
  • Vassfylling
  • Kart og GPX
  • Alternative løyper
  • Slik ser løypa ut

Løypa

Løypa

Løypa startar og går i mål ved Langeland skisenter.

Storerunda

32 kmdistanse
~1800 mstigning

Går over både Storehesten og Lisjehesten. Det fulle eventyret.

Lisjerunda

26 kmdistanse
~1200 mstigning

Går kun over Lisjehesten. Vender ned mot Kvamsstølen ved Skaraly.

Traséen i hovudtrekk

  1. Start ved Langeland skisenter — inn på den gamle postvegen mot flyplassen.
  2. Gjennom Djupedalen til Hjelmelandsstølen og Yndestadsstølen.
  3. Bratt motbakke opp mot Lisjehesten — her klyv ein opp skaret ved hjelp av tau. Viktig at her er det kun ein person i tauet om gongen så vis hensyn til kvarandre.
  4. Langs ryggen mot Skaraly.
  5. Frå Skaraly: (Lisjerunda vender her tilbake og ned mot Kvamsstølen.) den mest krevjande stigninga opp egga på austsida av Storehesten. Svært bratt stigning der ein ikkje må gå for langt mot venstre.
  6. På toppen: panoramautsikt med havet i vest og Jostedalsbreen i aust.
  7. Nedstigning i ura på vestsida, vidare langs T-merka sti tilbake til Skaraly mot Kvamsstølen og tilbake til Yndestadstølen.
  8. Siste etappe går samme veg tilbak frå Yndestadstølen via Hjelmelandsstølen og Djupedalen til Langeland.
  9. Målgang på oppløpet på stadion.

Vassfylling

Det er stasjonar for påfyll av drikke undervegs, men det er òg gode alternativer til å fylle på med naturleg vatn enkelte stader i løypa. Oversikta under viser kor du finn dei.

Distanse Stad Merknad
~6 km Hjelmelandsstølen Første stasjon for påfyll. Sjølv om du ikkje er tom, er det lurt å fylle opp her — det er lite drikkevatn vatn å fylle før Lisjehesten.
~11,5 km Lisjehesten Naturleg vatn ved toppen.
~15 km Skaraly Stasjon der det er venta at alle bør fylle drikke. Her vender Lisjerunda tilbake og ned mot Kvamsstølen, mens Storerunda fortset over Storehesten — ei lengre runde utan naturleg vatn før Grunnevatnet.
~20 km (kun Storerunda) Grunnevatnet Naturleg vatn, like før du kjem tilbake til Skaraly.
~21 km (kun Storerunda) Skaraly Ny påfyllsmoglegheit på veg tilbake.
~27 km Hjelmelandsstølen Siste stasjon for påfyll før mål.

Kart og GPX

GPX-filer for begge rundene ligg på løpssida hos Racedays. Last ned og legg inn på klokka di på førehand.

Alternative løyper

Vêr og tilhøve i fjellet kan gjere det nødvendig å leggje om løypa. Endeleg avgjerd blir sendt på e-post til alle påmelde seinast kl. 07:00 på løpsdagen. Dersom ingen e-post er sendt, går løpet som normalt (alternativ 1).

Me tilrår at du lastar ned GPX-filene for alle alternativa på førehand og legg dei inn på klokka di, slik at du er klar uansett kva alternativ som blir valt.

Storerunda

Alternativ 1 Normal løype
32 km~1800 hm

Ordinær løype over Lisjehesten og Storehesten — opp Egga, ned ura på vestsida.

⬇ Last ned GPX — Storerunda alternativ 1
Alternativ 2 Utfordrande vær — Utan Egga
34 km~1820 hm

Vert brukt ved utfordrande vær og glatt i Egga. Løypa går tur-retur Storehesten på stien ein normalt spring ned (vestsida). Merk: ved svært dårleg sikt kan løypevakt gi beskjed om at ein snur før toppen av Storehesten.

⬇ Last ned GPX — Storerunda alternativ 2
Alternativ 3 Mykje vatn — utan skaret og Egga
36 km~1880 hm

Vert brukt når elva i skaret er for stor til å passere trygt, og Egga er glatt. Løypa følgjer alternativ sti på sørsida nedafor ryggen til Lisjehesten, tur-retur Lisjehesten på ned-stien, og tur-retur Storehesten via vestsida (utan Egga).

⬇ Last ned GPX — Storerunda alternativ 3
Alternativ 4 Svært krevjande forhold — utan skaret og Egga
32,5 km~1530 hm

Same omlegging som alternativ 3 for Lisjehesten (utan skaret), og utan Storehesten ved å snu på Vardehaugane.

⬇ Last ned GPX — Storerunda alternativ 4

Lisjerunda

Alternativ 1 Normal løype
26 km~1200 hm

Ordinær løype over Lisjehesten — opp skaret med tau, ned mot Kvamsstølen via Skaraly.

⬇ Last ned GPX — Lisjerunda alternativ 1
Alternativ 2 Mykje vatn — utan skaret
28 km~1270 hm

Vert brukt når elva i skaret er for stor. Løypa følgjer alternativ sti på sørsida nedafor ryggen til Lisjehesten og går tur-retur på stien ein normalt spring ned. Ca. 2 km lenger enn normalt.

⬇ Last ned GPX — Lisjerunda alternativ 2

Slik ser løypa ut

Følg løypa steg for steg — frå start på Langeland, opp over begge toppane og tilbake.

Rulleskiløypa med Storehesten og Lisjehesten
1 Frå startstreken ved Langeland — Storehesten og Lisjehesten ruvar i bakgrunnen.
Mellom Hjelmelandsstølen og Yndestadsstølen
2 På veg mellom Hjelmelandsstølen og Yndestadsstølen.
Yndestadsstølen
3 På Yndestadsstølen.
Tau-passasje opp til Lisjehesten
4 Skaret opp til Lisjehesten — eit krevjande parti kor ein må vise hensyn til kvarandre i tau.
På veg ned frå Lisjehesten
5 På veg ned frå toppen av Lisjehesten.
Egga opp til Storehesten
6 Den vanskeligste delen av den bratte Egga opp til Storehesten.
Panorama frå toppen av Storehesten
7 Panoramautsikt frå toppen av Storehesten over nordaust.
Ura og nedstigning frå Storehesten
8 Ura og nedstigninga frå Storehesten.
Ned mot baksida av Storehesten og Skaraly
9 Ned mot baksida av Storehesten og tilbake til Skaraly på god sti.
Ned mot Kvamsstølen
10 Ned mot Kvamsstølen.
Mellom Kvamsstølen og Yndestadsstølen
11 Mellom Kvamsstølen og Yndestadsstølen — på veg tilbake.

Våre sponsorar

Fjordane Caravan LettSauna
SpareBank 1 Sogn og Fjordane Tønna Blikra, Slotterøy og Fonn Advokatfirma Stranda Ventilasjon Rekneskap Fjordane

© 2026 Hestane Skyrace · Bygstad, Sunnfjord

Arrangert av Lars Øvrebø & Torstein Bolstad Blikra, med Gaular IL