Utstyr & reglar
Utstyr & reglar
ImportantUtstyrskontroll
Det blir gjennomført stikkprøver av utstyrskontroll ved start og mål. Manglar du obligatorisk utstyr, får du ikkje starte — og kan bli diskvalifisert undervegs.
Obligatorisk utstyr
| Utstyr | Krav |
|---|---|
| Fulladd mobiltelefon | Nødnummer og arrangørkontakt lagra (113 og 416 53 315). Telefonen skal vere på heile løpet. |
| Nedlasta appen til racedays | Alle aktiverer gps tracking på mobilen i appen før dei starter løpet. |
| Drikke | Minimum 1 liter |
| Nødrasjonar | Minimum 200 kcal (gel, bar, nøtter e.l.) — kun til nødssituasjonar. Næring du skal innta kjem i tillegg. |
| Vindtett jakke | Skal vere i sekken om ho ikkje er i bruk. Gjerne jakke med hette. |
| Nødfolie | Kun til nødsituasjonar. |
| Nødfløyte | Kun til nødsituasjonar. |
WarningVed kaldt og surt vêr
Då blir desse i tillegg obligatoriske: varmt tørt lag på overkropp, lue/buff og hanskar. Evt varsel vil komme på deltakarmail i dagane før løpet.
Tilrådd utstyr
Ikkje obligatorisk, men sterkt anbefalt:
- Tørr overdel (fleece eller ull) til etter målgang
- Solkrem og solbriller
- Stavar (lov, men ikkje obligatorisk)
- Plaster/tape og ein liten førstehjelpspose
Reglar
- Aldersgrense: minimum 16 år på løpsdagen.
- Cutoff: deltakarar som ikkje har passert Skaraly innan kl. 15:30 må gå ned til Stølshaugane og blir transportert tilbake til Langeland. Siste frist for målgang er kl. 19:00.
- Løypa: skal følgjast. Avvik frå merka rute medfører diskvalifikasjon.
- Startnummer: skal vere synleg gjennom heile løpet. Viktig at startnummeret er festa utpå sekken på brystet slik at tidtakerchip ikkje kan bli øydelagt av sekken.
- Hjelp til medløparar: treng ein medløpar hjelp, pliktar du å stoppe og varsle arrangør, og hjelpe til om det trengs.
- Naturen: ta med søppelet heim. Vis omsyn til beitedyr og anna ferdsel i fjellet.
Sikkerheit i fjellet
Hestane Skyrace går i bratt og eksponert høgfjellsterreng. Du har sjølv ansvar for eigen sikkerheit og må vurdere undervegs om du er i stand til å halde fram.
NoteTreng du eller ein medløpar hjelp?
- Ring 113 ved alvorleg skade eller livstruande situasjon.
- Ring deretter arrangør: Torstein 416 53 315.
- Bli verande på staden med den skadde, hald dåke varme, bruk vindjakke og folie.
Vêret i fjellet skiftar raskt. Sjølv om det er sol ved start, kan det vere kaldt, vått og vindfullt på toppane. Sjekk vêrmeldinga kvelden før og bruk lagvis påkledning.
