Velkomen til aller første utgåva av Hestane Skyrace! Her får du springe over dei spektakulære toppane Storehesten og Lisjehesten i Bygstad. Vi lagar i stand ein løpsfest og ein aktiv dag for heile familien, med løp for alle som vil bli med.
Denne nettsida er deltakarguiden din. Her finn du alt du treng å vite før, under og etter løpet. Bruk menyen øvst, eller hopp rett til løypa, programmet, utstyr & reglar eller praktisk info.
To rundar — vel din
Storerunda
Over begge toppane — Storehesten og Lisjehesten. Det fulle skyrace-eventyret med teknisk klatring, eksponert egg og storslått panorama. Sjå løypa →
Lisjerunda
Kun over Lisjehesten. Eit godt val for deg som ønskjer ei kortare, men framleis krevjande, fjellrunde i mektig natur. Sjå løypa →

I korte trekk
Det viktigaste på éin plass
- 📆 Laurdag 11. juli 2026, start kl. 09:00 frå Langeland skisenter
- 🏔️ Storerunda 32 km (~1800 hm) eller Lisjerunda 26 km (~1200 hm)
- 🎒 Hugs obligatorisk utstyr — mobil, 1 L drikke, nødrasjon, vindjakke (sjå lista)
- ⚠️ Cutoff Skaraly kl. 15:30, siste målgang kl. 19:00
- 🅿️ Parkering på Langeland — kr 90 for dagen
- 🍖 Mat i mål 12:30–17:00, afterrun på Tønna kl. 20:00
- 📞 Arrangør: Lars 948 27 438 / Torstein 416 53 315
Kvifor delta?
- 💪 Ei meistringsoppleving for alle — både for dei som vil konkurrere og dei som har som mål å fullføre.
- 🌄 Spektakulær natur over det devonske fjellbeltet, no også med UNESCO-status.
- 👨👩👧👦 Aktivitetar for heile familien — barne- og ungdomsløp, mat og afterrun.
Om arrangørane
Vi som arrangerer er to lokale sunnfjordingar frå Bygstad — Lars Øvrebø og Torstein Bolstad Blikra. Vi har vakse opp med fjella og skiløypene i bygda, og ønskjer no å gi fleire høve til å oppleve gleda ved å springe i Sunnfjords mektige natur. Saman med oss har vi idrettslaget Gaular IL i ryggen.
Påmelding skjer via Racedays. Følg oss på Instagram @hestaneskyrace for siste oppdateringar om løypetrasé og praktiske detaljar.
📸 Bilete frå løpet
Alle bileta frå Hestane Skyrace 2026 ligg her
Last ned, del og bruk fritt — vi håpar de likte dagen like godt som vi gjorde!